Her nord, i trygge Noreg, har me det godt. Det er jo noko alle veit. Me har mat, jobb, trygder dersom me ikkje har jobb eller vert sjuke, me kan gå kledd slik me vil, me kan meina det me vil, me har lov til å tru på det me vil, og me har lov til å seia og uttala oss om det me vil – når me vil og kvar me vil. Me har noko som mange andre berre drøymer om – ytringsfridom!
Du tenkjer kanskje at ytringsfridomen er ei lov og ein rett me har, det er jo klart me skal ha den. Men har du nokon gong forsøkt å setja deg betre inn i kva privilegiet og menneskeretten ytringsfridomytringsfridom eigentleg er? Ikkje eg heller, før no. Bli med meg ein kjapp og forhåpentlegvis lærerik tur om ytringsfridomen.
Ein snakkar om tre teoretiske hovudgrunnar for ytringsfridomen:
- Me menneske har mange oppfatningar og ting, men alle våre meiningar er ikkje riktige eller botnar i fakta. For å koma fram til sanninga kan det vera lurt å testa argumenta i ein diskusjon. Då kan andre korrigere fakta og ein kan høyra nye argument. Dette vert kalla sanningsargumentet.
- Demokratiargumentet har mykje til felles med sanningsargumentet. Demokratiet er avhengig av ytringsfridomen, fri diskusjon av politiske standpunkt. Politiske standpunkt skal tola debatt og lyt diskuterast offentleg før avgjersler vert tekne. Demokratiet trur på at det beste argumentet vinn, og at borgarane føl dei som har dei beste argumenta.
- Individet utviklar seg til kva ein kan kalla eit ”sjølvstendig menneske” ved å delta i debattar og testa ut meiningane og tankane sine mot andre sine meiningar. I ein slik prosess vil mennesket modna og finna fram til sin eigen identitet. Dette kallar me danningsargumentet, og det byggjer på dei to andre argumenta.

Eg har allereie nemnt litt om korleis me har det her i Noreg. Det står til og med i den norske Grunnlova frå 1814 at ein skal ha ytringsfridom. §100, første ledd står det: ”Trykkfrihed bør finde sted.” Fantastisk! Eit ekstra stort pluss ved ytringsfridomen her til lands er at det finst visse grenser. Til dømes kan visse typar pornografi bli forbode i straffelova. Me kan dela avgrensingar i ytringsfridomen i tre:
- Personvern: injuriar, privatlivet si fred, personopplysningar
- Diskriminering: rasisme, seksuell legning, kjønn, religion
- Skadelege ytringar: visse typar pornografi, valdsskildringar, nasjonal tryggleik
At me har ein open ytringsfridom tykkjer eg er heilt supert! Når det i tillegg finst avgrensingar på kva ein kan publisere vert eg enno gladare. Eg unnar alle å ha det slik, og vil kjempa for det.
Til slutt vil eg gje dykk eit kjent sitat (ukjend kjelde): ”Eg er ikkje einig i det du seier, men eg vil kjempa med livet som innsats for din rett til å seia det!”
Kjelder:
- Lærebok i mediefaget: Mediemøte 2, Asbjørnsen, Bjørnsen, Kjendsli, Løvskar og Totland
- Bilete 1
- Bilete 2Du tenkjer kanskje at ytringsfridomen er ei lov og ein rett me har, det er jo klart me skal ha den. Men har du nokon gong forsøkt å setja deg betre inn i kva privilegiet og menneskeretten ytringsfridomytringsfridom eigentleg er? Ikkje eg heller, før no. Bli med meg ein kjapp og forhåpentlegvis lærerik tur om ytringsfridomen.